søndag 6. september 2015

Hei.

Denne bloggen vert oppretta i samband med eit masterstudium i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger kor ein av modulane heiter Ny skriftkultur : endring av lesespraksiser og læringsformer. Som fleire på dette studiet arbeider også eg i ungdomsskulen og underviser i faga norsk, engelsk, samfunn og Krle. Både som lærar, formidlar eller berre som eit menneske i verda synast eg det er spennande og viktig å utvikle seg å lære noko nytt som ein igjen kan ha gleda av å lære vidare til andre. Tekstuniverset et stort og det endrar seg heile tida. Takk og lov for det, det hadde vore utruleg kjedelig om alt berre var slik det alltid har vore. Som norsklærarar veit vi kor viktig det er å ha eit godt språk/ gjere seg forstått/ at det vi seier har ei meining og at formidlinga har verdi. Men då nyttar det ikkje berre å analysere dikt  som Du skal ikke sove når alle ligg å søv, eller å traske rundt i dei Hamsunske skogane og spele panfløyte til elevane dovnar av keisamd. Ein må vere interessert i deira literacy kvardag og henge med på kva litteratur dei les og som dei finn glede og inspirasjon i. Gjennom dette studieemnet håpar eg difor at eg kan lære meg noko som eg kan få nytte av, ikkje berre i klasserommet mitt, men som mest sannsynleg vil vekke interesse for nye vegar inn i eit eller anna der ute ein plass.

Eg har alltid trudd at om eg skulle skrive ei masteravhandling så skulle det vere ei stor litterær analyse av eit eller anna slag, men no veit eg sanneleg ikkje. Eg er nokså interessert i sjølve formidlingsdelen, korleis å få elevar interesserte og motiverte, å lage gode opplegg som dei finn meiningsfulle og som gir dei noko, noko som strekk seg vidare utover kun den eine norsktimen akkurat den dagen. Eg får sjå.

Lise


2 kommentarer:

  1. Eg vil berre seie at dei gjengrodde stiane til Hamsun ikkje er så veldig gjengrodde, og at det ikkje er så mange skogar i Grimstad. Men parkeringsplassen bak biblioteket har heitt Knut Hamsuns plass frå 2010.

    SvarSlett