mandag 28. september 2015

Literacy, Barton og den økologiske metaforen


Literacy er eit omgrep som det viser seg å vere vanskeleg å oversette direkte til norsk. Ein kan snakke om skriftkunne, leseferdigheit og til og med danning, men slik eg forstår det er det ordet tilgangskompetanse som er det mest dekkande. Med tilgangskompetanse meiner ein den kompetansen ein treng for å få tilgang til verda rundt seg på, som ofte er knytta opp til tekst på ein eller annan måte, konvensjonelt sett lesing og skriving, eller det som har med lesing og skriving å gjere. David Barton beskriver literacy som sosiale aktivitetar som inkluderar skrift. Døme på slike aktivitetar kan vere å høyre på radioen, snakke saman rundt frukostbordet, lese avisa osb. Dette skriv Barton om i boka si Literacy - An introduction to the ecology of written language, frå 1994 ( revidert utgåve 2007), som ein av dei fyrste til å sjå på heile literacyomgrepet og alt det favnar om. Aktivitetane nemnt ovanfor vart og omtala som events, som utviklar seg/endrar seg over tid ut i frå kven du er og kvar du er i livet og i verda. Ulike events krev ulike ferdigheiter i bestemte situasjonar, ei akademisk oppgåve til dømes, krev noko anna av deg enn eit blogginnlegg eller ei Facebook-oppdatering.


David Barton sin grunnposisjon er økologisk (ecological), eit fagleg omgrep som i denne konteksten tjener som ein metafor for korleis «literacyaktiviteten» er ein del av eit miljø og kva den har å seie for samspelet mellom individet og miljøet. Det er således eit kulturstudium kor ein ser på ulike literacypraksisar forankra i kvardagslivet i ulike kulturar. Barton poengterer altså at dette ikkje berre omhandlar dei aspekter som har med skule og utdanning å gjere, snarare alle dei litterære aktivitetane ein er ein del av og på ein måte er medskaparar av til dagleg, aktivitetar ein ikkje tenkjer over at er ulike formar for literacy. Han gjer og eit poeng av at i staden for å isolere dei ulike litterære aktivitetane i eit forsøk på å forstå dei, er den økologiske tilnærminga eit forsøk på å forstå korleis literacy er djupt forankra i andre mennesklege aktivitetar, både i det sosiale livet og i tanken, dets posisjon i historia, språk og lære.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar